"Den finaste plassen langs Sognefjorden"

Velkommen til

Dalsøren
Camping

Velkommen til Luster

Luster er ei lita bygd langs Lusterfjorden, Dalsøren Camping ligg heilt nede i strandkanten med bygge, utleigebåt og fin badeplass. Vi ligg strategisk til for turar i Jotunheimen eller tur til Jostedalsbreen.
Våren 2021 åpna vi eit heilt nytt familerom på campingen med dusj, toalett og vask. Vi bygde også heilt nytt kjøkken og vaskerom til våre gjester.

Vi har ein stor campingplass langs fjorden med med 16 hytter og god plass til Campingvogner, bubilar og telt. Vi har gressplen på heile området vårt med fri plassering. Det er ikkje behov for forhonds reservasjon for telt, bubilar og campingvogn. Du kan berre komme når du ynskjer.

Ca 300 meter frå Campingen finn du eit steinovnsbakeri, dei har åpent alle dagar, her kan du kjøpe ferske brød, rundstykker, kanelsnurrar, rosinbollar og mykje anna godt heile dagen.

Når du er i Luster anbefalar me deg ein tur til Berge eller Børestein, Berge ligg på ca 400 moh og Børestein på ca 1000 meter over havet.
Det er ein flott tur med fantastisk utsikt heile vegen, oppturen startar kun 500 meter frå campingplassen. Turen opp til Berge er familievenleg med stigning og utsikt heile vegen. Du finn meir info om turen til Børestein på nettsidene våre.

Vi har no fått installert 3 stk destinasjonsladere til elbil, så har du elbil så er du velkommen å lade hjå oss. 

Nyheiter sommaren 2024:

I år gjer vi fleire oppgraderingar på campingen, vi setter mellom anna opp en “speil badstue” heilt nede i sjøkanten, der vil du få flott utsikt over fjord og fjell. Det er speil på utsida av badstua så det er ikkje innsyn.  Vi legg terrasse og beplanter området rundt badstua. 
Det er kort veg til fjorden for ein dukkert etter eit opphold i badstua vår.
Ellers oppgraderer vi 2 baderom fra grunn av og setter opp 2 heilt nye kjøkken i 2 av hyttene våre.
I resepsjonen vil vi tilby fleire matrettar, vi har kjøpt inn ein stor pergola slik at det vil bli endå finare å sitte ute på terassen vår med ein softis/kaffe eller ein matbit. Vi vurderar også ein pergola i rosehagen for å få endå større plass til våre gjester.
Vi gjer også endringar inne i resepsjonen, vi utvidar lageret får større fryseanlegg og får meir kapasitet på kjøkkenet.
Vi har også investert i ny kaffemaskin for perfekt Latte, Capuchino og espresso.
Du får framleis vår SOFTIS med den gode vanilje smaken og ei mengd med ulik strø.
Vi har også Vårrull, Vafler, Toast og ulike kaffetypar som du kan nyte på terrassen eller på bryggekanten. 
Vi er åpen for alle som vil kose seg i Luster sitt flotte fjordlandskap, på ein avslappa og uhøgtidleg måte. Tek du med badeutstyr så har vi varm badstu og strand like ved. 

Vi åpner klokka 14 kvar dag, då kan du sitte på terrassen og slappe av mens du ser på folkelivet om sommaren. Vi ynskjer å skapa eit yrande liv og eit treffpunkt i Luster på ettermiddagane. 


Her kan du booke hytte hjå oss

Du kan bruke skjemaet under for å bestille hytte hjå oss. Vi har totalt 17 hytter og 5 Glampingtelt på området vårt. Glampingtelta er utstyrt med senger, tepper, møbler, kjøleskap og varme. Dei er plassert heilt nede i strandkanten, kun få meter frå Lusterfjorden.

 

Kart

Adresse:

Dalsøren Camping, Lustravegen 3291, 6872 Luster

Plassering:

Du finn oss heilt nede i strandkanten til Lusterfjorden, fjorden er kjent for å vera speilblank. Lusterfjorden er den stille armen av Sognefjorden. Vi har telefon 958 67032 ved spørsmål.

Luster: the state or quality of shining by reflecting light; glitter, sparkle, sheen, or gloss